Mange har merka seg arbeidet med hogst, skjering og rydding på tomta til Aud Isaksen Haugland den siste tida. Det er Eide Trefelling og Service ved Kenneth Eide som står for grovskjering, trefelling og fliskutting. Kenneth har hatt oppveksten sin på Haugland. Han kjenner Uskedalen godt og er klar til å ta oppdrag med rydding av tomter og større felt, til dømes før ei utbygging. Det er to faste arbeidarar i firma. I tillegg leiger han inn arbeidshjelp frå Folgefonna Landbrukstenester. Bilete syner Marcin Bialowas i arbeid med den nye fliskuttaren.

Kenneth Eide og Arne Langeland i arbeid med større trefelling.

I samtale med uskedalen.no fortel Kenneth at firma tek alle oppdrag av vanleg trefelling, både for privatmarkanden og for næringslivet. Han har fliskuttar som tek strongar opp mot 17 cm. Alt vert rydda og kutta opp på plassen. Fliskuttaren kan leigast ut, då med brukaropplæring. Maskinen har høg grad av sikkerhet med mellom anna naudstopp

Firma Eide Trefelling og Service er registrert på Sandvoll. Nokre år tilbake hugsar vi Kennedth med utleige av maskinar i Uskedalen. Til no har firma hatt oppdrag på Myklebust og på Ljosnes. Nedskjering og rydding av tuntre og gamle frukttre er eit vanleg oppdrag. I forkant er det alltid gratis synfaring. Kunden avgjer om ein vil ha fastpris eller pris på timen. Av større oppdrag vert det synt til parken ved Valen sjukehus og ved Tronds Marineservice i Høylandsbygd. Husnes Burettslag er også kunde.

Alt av hage og uteområde hos Aud Isaksen Haugland er rydda og skore opp til flis.

Aud Isaksen Haugland er godt nøgd med arbeidet Eide Trefelling har gjort i hagen hennar og på heile uteområde. Aud har ikkje problem med å tilrå andre, gjerne eldre, til å gjera det same.

Kenneth Eide har mobilen: 913 38 195

Eide Trefelling og Service har eigen logo med kontaktinformasjon.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ privat