Ei verdig og fin minnegudsteneste på Helgemessesundag.
Konfirmantane tende ljos, presten Kjetil Kringlebotten las 11 namn og organisten Tone Hellesøy song vakker gospel. Det var ramma då kyrkjelyden minnest dei 11 personane som døydde og er gravlagd i Uskedalen det siste året. Til markeringa var det lagt inn tid for alle pårørande, slekt og vener til å tenna ljos og setja i globen. Offegåva i dag gjekk til Frelsesarmeen. Neste gudsteneste i Uskedalen er Ljosmesse, sundag 3. desember kl. 16.00. Julekonserten er sundag 10. desember kl. 16.00. Bilete syner f.v: Håvard Myklebust, Trym Sæle, Matine Myklebust og Frøy Sæle.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal