Ei realistisk brannøving på Uskedalen Brygge i Beinavikjo.
Branntroppen i Uskedalen har øving den siste torsdagen i månaden. Øvingsobjektet denne gongen er leileghetsbygget Uskedalen brygge i Beinavikjo. Etter frammøte og klargjering på stasjonen kl. 18.00 går alarmen. Det er røykutvikling og truleg brann i lagerbod på grunnplan. I boden er det også sikringsskåp. Brannmeister Tor Øystein Myklebust har førebudd øvinga og sender meldingar, om det han veit, til brannvernleiar Gaute Moberg. Kjapt er branntroppen på plassen. Med alarm og sirener vert alle beburarane i seksjonane evakuerte. Dei møter på tilvist møteplass for oppteljing og registrering. To personar manglar og det vert sett i gang søk i boder og garasjar. Etter kort tid kjem dei til svars. Røykdykkarane går inn i den røykfylte boden. Det er ikkje open eld. Difor slepp dei bruka sløkkjevatn.
Etter øvinga er det samling og oppsummering av øvinga der alle evakuerte og brannfolka er med. Det er også med to observatørar frå leiinga i Brann og redning i kommunen. Brannøving kvart år med det lokale brannvernet skal inn på HMS planen for Uskedalen Brygge. Det vil alltid vera nokre kritiske element å ta med i vurderinga brannførebyggjande tiltak i sameige med 20 seksjonar, garasjar, boder, høgde, båtar og ikkje minst el-billading.
Styret i Sameiga Uskedalen Brygge takkar branntroppen v/ Tor Øystein Myklebust for godt samarbeid og ei prikkfri gjennomført øving. I oppsummeringa kom det fram lovord om det å ha eit lokalt brannvern med kort responstid og dyktig gjennomføringsevne.
Dette var den siste øvinga til noverande brannmeister Tor Øystein Myklebust, Meir om brannmeisterjobben kjem i eige innlegg.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal