Ei julegudsteneste med julespel og mykje song.
Mykje folk var samla til julegudsteneste i kyrkja i dag. Fastbuande og julegjester frå inn- og utland fekk oppleva ei gudsteneste med julespel og mykje song. I julespelet framført av Singing Tweens, som eit tablå, fekk til og med soknepresten Kjetil, kona Carole og vesleguten Theodor tildelt roller som Josef, Maria og Jesusbarnet. Theodor skal døypast i morgon på høgtidsgudsteneste i Kvinnherad kyrkje.
I den korte talen til presten vart vi minna på Jesus som av Gud vart sendt til jorda for frelse. Takk til Gud for den største gåva av alle.
Dei mest langvegsfarande på julegudstenesta i dag er utan tvil familien til Adriana Yri. Mor, far, syster og svoger kjem frå Petrolina – Pe i Brasil. Plassen ligg sentral i det store landet i Syd – Amerika. Det var sikkert ei stor oppleving å få vera med på ei gudsteneste i landet langt mot nord. Barnebarnet deira har ein sentral rolle i Singing Tweens.
Gudstenesta i dag var den siste for Magne Eik som kyrkjetenar, fast tilsett frå våren 2012. Før det var han vikar for bror sin, Leohnard Eik. Soknerådsleiar, Eli Roseth Eik, overrekte blom og takka han for lang og trufast teneste. Bilete kjem i eige innlegg.
Organist i dag var kantor Rebekka Attramadal. Ho hadde også komp til Singing Tweens.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal