Dagleg leiar i SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad, Bente Lie Nilsen, kom med ei gladmelding på gåveutdelinga sist måndag. Frå 20. november opnar ein opp portalen for søknader inntil kr. 30 000,-. Søkjar mottek svar innan seks veker. Dette vert gjort for å korta ned søknadsperioen og på den måten få til ein meir feksibel prosess. Ein treng med andre ord ikkje venta til den store gåvetildelinga haust og vår. Gåvetildelinga er likevel ein del av den samla løyvinga med bakgrunn i vedtak på generalforssamlinga. Meir informasjon finn ein på heimesida til SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad