Her kjem ei gladmelding frå Uskedal Aktivitetshus AS og Uskedal Idrettslag. «Arbeidsgruppa for utviding av aktivitetshus og klatretårn» kan i dag melda frå om at reguleringsplanen er godkjend. I ei pressemelinga skriv dei:

Skissen syner planområde.

Vi er framleis i drift og jobbar jamt og trutt mot same mål:-Eit allsidig og spennande bygg som kjem folket til gode. Vi har dei siste åra arbeidd, i ein tidkrevjande prosess, med ny reguleringsplan for området. Denne veka fekk vi bekrefta at denne no er godkjent av både kommune og statsforvaltar. Ein gledeleg dag for gruppa, etter 5 år i den byråkratiske mølla.
 
Neste fase for oss no vert å senda byggjesøknad. Skissane for bygget er for lengst ferdige, og no startar arbeidet med detaljane. Vi har håp om å få klar ein søknad så snart som råd.
 
Det er langt tilbake i tid der ein starta med folkemøte og arbeidsmøte med ulike organisasjonar og lag. Bygda vart inkludert i forprosjektfasen med idéar og tankar om kva behov vi har for ulike lokale i bygget. Etter innspela frå dei første bygdemøta har difor prosjektet utvikla seg frå å vere eit reint klatresenter til å og bli eit påbygg som kan romma fleire ulike aktivitetar.

No ser vi fram til å ta opp att dialogen med lag og organisasjonar for å tilpassa bygget til deira behov. Slik trur vi at påbygget kan bli til glede for endå fleire – i mange år framover, midt i hjartet av Kvinnherad.
 
Etter mange år med utarbeiding av ulike planar gler vi oss no over at vi er klare for neste steg, og vi ser fram til arbeidet der vi får meir fokus på sjølve bygget.
 
 
Med helsing
Arbeidsgruppa
Uskedalen Aktivitetshus/UIL

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal