
Ei friluftsgudsteneste med eigen solist - spela Våren av Grieg som postludium.
Det er ikkje mange friluftsgudstenester med eige lokal solist, men på Skorpo let det seg gjera. Nils Rainer Vågen er heime på ferie. Til vanleg er han student på Griegakademiet der han nyss har spelt eksamenskonsert. På gudstenesta i dag framførte han preludium frå Bach sin andre cellosuite. Til utgang spelte han den kjende Våren av Grieg. I tillegg hadde han tonefylgje til salmane saman med Kristian Bringedal på trekkspel.

Den årlege friluftsgudstenesta på Skorpo samla nær på 30 menneske, stort og smått. Det er lite hyttegjester i dårleg ver. Difor var frammøte stort sett frå bygda.
LIturg var sokneprest Kjetil Kringlebotten. Klokkar og skriftlesar var Annbjørg Vågen. Preiketeksten henta frå Matt kap. 9 handla om Misjon. Overskrifta er Grøda er stor.

For dei som lurer på om Cort Holtermann var der. Det var han. Cort har vore på alle friluftsgudstenestene sidan samlingane vart lagt til Ole Kristoffer Vågen sitt tun. Før det var gudstenesta Oppe i Skorpo hos Johannes Hauge. Det var på 1990 talet i presten Holm si tenstetid i Kvinnherad.
Eter gudstenesta inviterte Annbjørg alle inn i stova si til kykjekaffi, saft og mykje god heimebakst, mellom anna heimebakt brød.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Eli Roseth Eik