Eg var ein tur til Husnes hin dagen, og i Herøysundet låg der eit  lite piggsvin klistra i vegen. Dette var vondt å sjå, men der var ingenting å gjera. Attende i Uskedalen kjørte hunden min Toya og eg opp til Haugland for å gå oss ein tur til Kalkestasjonen. På turen nedatt på Kjærlandssida passerte eg ein liten, piggete brun bylt som freista koma seg ut av vegen utan hell. Dermed køyrde eg ned til Myklebusthaugen, snudde og køyrde opp for å sjå korleis det gjekk. Den vesle skapningen streva framleis med å finna ut og vegen. Bilen min stansa eg midt i vegen, stoppa møtande bilar og fekk den vesle bylten opp i handa mi. Ut av første bilen kom tre unge gutar, der den eine var deltakar i Paradise Hotel, sa han. Desse ville gjerne halda og få bilete av det vesle dyret. Alle fire fotograferte, og eg bestemte meg for å ta den vesle kroppen med meg heim i hagen, langt unna allfarveg. Den la seg til der og snøfta nøgd. La oss alle gjera vårt til å ta vare på desse små skapningane som er både utsette for trafikkfare. Dei er nyttige dyr som i tillegg er trivelege å ha rundt seg.

Tekst/foto: Einar Gjertsen
Nett: Kristian Bringedal