2020 var eit unntaksår med omsyn til åsmøte slik lagslovene krev. 2021 ser ut til å bli det same. Nokre lag og organisasjonar utset årsmøt. Andre gjennomfører årsmøte digitalt på teams eller på zoom. I dei to neste vekene er det kunngjord tre årsmøte i Uskedalen, alle med eit maks tal frammøtte på ti. Her er ein oversikt så langt vi kjenner til.

Måndag 8. februar kl. 19.00 på Stemneplassen: Årsmøte for Uskedal Frilufuftslag. Dei ti medlemslaga kan etter lovene å møta med to utsendingar. Styret i Friluftslaget rår til at kvart lag møter med ein representant.

Onsdag 10. februar på Stemneplassen: Årsmøte i Kvinnherad mållag med mellom anna utdeling av Målblomen 2021. I tillegg til styret kan det møta ti. Slik frammøte har vore dei siste åra, går det fint.

Måndag 15. feruar i Gamleskulen: Årsmøte i Uskedal Helselag med påmelding

Soknerådet skal ha møte onsdag 17. februar for klargjering til Soknemøte 7. mars med årsmelding og rekneskap. Nokre sokner utset sine årsmøte, slik situasjonen er i år.

Årsmøte er viktig i alle organisasjonar. Meld difor inn til uskedalen.no kva tid det er årsmøte.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal