
Ebba Hermann-Fossli frå Uskedalen er beste nynorskbrukar - Rosendal ungdomsskule.
Det var høgtideleg 10.klasseavslutting i Riddersalen på Baroniet Rosendal for Rosendal ungdomsskule i kveld. Leiar i Kvinnherad mållag, Mari Mehl, delte ut prisen for beste nynorskbrukar på 10.trinn til Ebba Hermann Fossli. Gratulerer så mykje, flinke Ebba. Her kjem ei nydeleg grunngjeving frå lærarane hennar:
“Årets beste nynorskbrukar er ein elev som leikar med orda, og leitar etter det rette ordet som skildrar best. Å vera medviten på språket, krydrar ein tekst til å verta eksklusiv, og dette er denne eleven god på.Det er mange vakre ord på nynorsk som gjev eit særskilt uttrykk, der ingen andre synonym dekkar. Dette har denne eleven funne ut. Eleven formar skildringane til vakre bilete på ein framifrå måte gjennom språket”.
Kvinnherad mållag har i mange år delt ut ei gåve til beste nynorskbrukar på ungdomsskulane Øyatun, Husnes og Rosendal. Etter at Ølve mållag vart lagt ned, er Hatlestrand inne på same ordninga.
Tekst/foto: Henta frå Kvinnherad mållag Facebook Nett: Kristian Bringedal