Dyredagen på skulen er alltid like populær.
Den årlege dyredagen gjekk av stabelen på Uskedal skule i dag. Elevane hadde med dyra sine på skulen. Nokre hadde lånt seg eit dyr. Det kan vera både kjæledyr og husdyr. Dyredagen er alltid like populær og elevane kosar seg med å få stilla ut og fortelja om dyret sitt. I tillegg til mange kattar og hundar, finn vi mus, hamster, lam og kalv på lista. Toppbilete syner Christoffer med hunden Bono.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Mona Vetrhus