Med det eg har lese på Uskedalen.no, så ynskjer eg å koma med nokre synspunkt frå meg som grunneigar med kyr på beite, knytt til skogsveg. Underteikna er ikkje grunneigar der det har vore snakk om at det går kyr i vegen, men ynskjer gjerne å uttala meg likevel. Som turgåar i skog og fjell store delar av året, veit ein at når det byrjar å bli grønare ute, kjem dyra, som har vore inne om vinteren, endeleg ut att. Nokre gonger kan dette gi noko begrensinger for oss på tur dersom ein ikkje føler seg trygg i møte med dyr ein ikkje kjenner. Spesielt møte med ammeku med kalv eller dersom ein går med hund. Underteikna har sjølv snudd, eventuelt unngått å gå der ein veit ein kjem til å møta dyr, dersom ein er usikker på møtet med dei.

Norges Bondelag m. fl. sin plakat når det gjeld Dyr på beite.


I Forskrift om hold av storfe, paragraf 10, står det at storfe skal sikrast fri beveging og mosjon i minst 8 veker. Dei som står på bås,skal vere ute i minst 12-16 veker i sommerhalvåret, alt etter omstendighetane. Det er derfor lagt opp til at dyr skal gå ute, og for å bevara dyrka innmark slik at ein kan sikra vinterens kommande måltid, så må dyra gå i beite og utmark. Takka vere desse store og små firbeinte som går i fjell og li, tek ein vare på kulturlandskapet og gir oss turgåarar eit terreng som er opent og fint å gå i.

 
Både sau og storfe kan vera nysjerrige og oppsøka deg når du møter dei. Dette kan for nokon følast trugande viss dei kjem nære. Det kan eksempelvis vera ei koseku, eller ein sau som kjenner att for eksempel den posen/bytta du har med deg og kan forbindes med at du har mat med til dei. Det kan og vera at du møter ei ku med kalv, og som gjerne vil beskytte kalven sin dersom den føler seg truga. 

Etter Friluftsloven paragraf 9 skjer ferdsel på eige ansvar, men bonden/grunneigar er plikta til at vedkommande ikkje slepp mannevonde dyr ut på beite. Vi som bønder og grunneigarar set stor pris på turgåarane. Vi tek i mot telefonar med takknemlighet dersom dei observerer noko unormalt, for eksempel dyr som har kome ut av beite eller dersom dei observerer dyr som kan vera skada. 


I denne forbindelse ynskjer eg å dela plakaten av Kuvettreglane, som Bondelaget, TYR, Tine, Småbrukarlaget og Geno i samarbeid med andre friluftsorganisasjonar har laga. Vi skulle kanskje ha vore litt tidligare ute med å fått opp denne plakaten i starten av fleire turstiar/skogsvegar. Men vi vil gjerne dela kunnskapen vi har og at alle får ei fin oppleving når dei ferdast i utmarka,med litt meir kunnskap om korleis ein skal møta husdyra våre ute i den frie naturen. 


Med venleg helsing Eirin Rørheim Kjærland, Bonde og nestleiar i Uskedalen Bondelag. 

Tekst: Eirin Rørheim Kjærland
Foto: Utsnitt plakat Norges Bondelag m/ fl. / Eirin Rørheim Kjærland
Nett: Kristian Bringedal