Bygningane på Bygdetunet på Rød i forfall.

Det er svært trist å vera vitne til kva forfatning bygningane på bygdemusèet på Rød er komne i. Det er Kvinnherad kommune som har ansvar for bygningane, og forfallet er så omfattande dei seinare åra at vi må kunna omtala det som alvorleg tenesteforsømming av dei som sit med ansvaret i kommunen! Vi kan undrast om dei i det heile tatt har vore der etter at Kristian Bringedal gjekk av med pensjon i 2016. På bildet over ser vi deler av dugnadsgruppa som prøver å skaffa seg oversikt over skadane.
Einaste lyspunktet når ein kjem dit, er at det er særs fint og velstelt rundt bygningane. Det er det grunneigarane Siv Framnes og Atle Thoresen som tar seg av på frivillig basis.

Bordkledningen er i svært dårleg forfatning. Her eit døme frå oppsida av hovudhuset.

Den aktive dugnadsgruppa (seniorgruppa) i Uskedalen har registrert den triste tilstanden på bygga. Torsdag var dei på plass for å starta arbeid med å fiksa det som er mest prekert. Det er mellom anna lekasjar i tak og vegg på hovudhuset, og lekasje i taket på stallen etter at eit stort tre velta og knuste deler av taket for mange år sidan. Ein i gruppa fortel at då dei var på synfaring tidlegare, var det regn, og då strøymde vatnet inn fleire stader både i hovudhuset og stallen. Dette har ført til omfattande roteskadar både i takkonstruksjonar, vegger og fleire stader i golvet.
– Her er så mykje å gjera, at det vi kan klara er “brannsløkking” på det som hastar mest, elles vil det om kort tid berre vera ein utgang: Å setja ei fyrstikke i det, blei det sagt då gjengen prøvde å skaffa seg oversikt over skadane.

Eit solid arbeid må til for å gjera taket på stallen tett. Det blei øydelagt då eit tre velta for mange år sidan.

Dugnadsgruppa kunne med ein gong konstatera at det var ein altfor stor jobb for dei.
– Då måtte vi jobba kvar dag. Men vi har torsdagane fast, og vi har også andre dugnadsprosjekt som ventar. Her må kommunen på banen, og det fort! var omkvedet i flokken.

Sjølv om dei hadde tenkt å starta med å laga ny renne til kverna, blir det no heilt andre prioriteringar. No startar dei med å tetta lekasjar for å redusera vidare roteskader. Dugnadsgruppa er ein super gjeng som gjer mange ting til beste for bygda. Kommunale oppgåver ser dei ikkje som sitt felt, men dei klarar ikkje å sjå på forfallet av det ein gong så veldrivne bygdetunet som blei bygt opp gjennom mange års innsats.

Svein Rimestad og Knut Steinsletten studerer lekkasje i taket på røykstova.
Bjarne Lilleås sjekkar om golvet held før han går inn i røykstova.

Underteikna får også sterke kjensler når eg ser det som har skjedd. I tillegg til å ha vore på mange arrangement der, har eg som tidlegare lærar både i ungdomsskulen og på vaksenopplæringa vore på besøk der med mange klassar. Det har alltid vore ein suksess, og læringsutbyte om norsk kultur og norsk historie har vore stort. For elevane våre ved vaksenopplæringa kan vi trygt sei at det var høgdepunkt som dei ser tilbake på.

Mi oppfordring til dei ansvarlege i kommunen er: Våkn opp! Kom i gang! Vis takksemd for det arbeidet dugnadsgruppa no gjer, men ha forståing for at dette er eit for stort arbeid for dei. Kom på banen! De kan ikkje vera bekjent av denne tenesteforsømminga lenger.

Kanskje leiande politikarar skulle ta med seg ansvarlege i administrasjonen på ei synfaring?? Då kan dei sjølv sjå korleis kommunale verdiar av svært stor kulturhistorisk verdi blir forvalta i kommunen vår!

Renna til kverna er pill roten og full av skit. Først tenkte dugnadsgruppa at det var denne dei skulle fiksa, men dei såg snart at mykje anna var meir prekært. Renna får venta. Den må ny uansett!
Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland