Maskinell skogshogst i Kleivadalen gjer at det ligg greiner og avskorne strongar att i turstien til fjells. I denne omgang gjeld det stien over Halsane mot Ådnaklett og Storhaug. Dugnadsgruppa vil bruka noko tid på å rydda stien. Arbeidet tok til torsdag i denne veka. Stien må delvis merkast på nytt. Ein annan trase som er aktuell for rydding, er stien frå Ospelunden til Ådnaklett. Stien ligg i hogstfeltet og må gåast opp og ryddast. Bilete syner f.v: Tore Nordahl-Pedersen, Bjarne Lilleaas, Steinar Kroka, Leif Viken og Lars Myklebust. Kurt Haugland tok bilete.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kurt Haugland