Trappa til Vonheim er sterkt prega av at den drar på åra. Den er og støypt i ei tid då dei gjerne sparte litt på sementen og brukte uvaska støypesand som dei fann i nærleiken. No er det på tide at den får seg ei “ansiktsløfting”. Då er det dugnadsgruppa (seniorgruppa) som trør til og gjer jobben, slik det ofte har vore når det har blitt gjort dugnadsarbeid til felles beste dei siste åra. Etter å ha hatt synfaring tidlegare, starta i dag Jostein Grov og Audun Eik (bildet over) på arbeidet med trappa medan sju andre i dugnadsgruppa dreiv på eit anna prosjekt lengre ned i dalen.

Trappa er høgtrykkspyla, og no startar eit arbeid som vil krevja ein del tid. Det skal leggast heller i trinna, på sidene av trappa skal det pussast og rekkverket må festast og i alle fall reparerast. Etter det eg forstod, var det usikkert kor mykje som skulle gjerast med rekkverket, men utan at eg er fagleg kyndig vil eg tru det beste hadde vore å setje opp nytt rekkverk no når resten av trappa får seg ei slik oppsjaining. Det er vel noko som heiter å smi før rusten tar jarnet.

Med fleire boremaskinar, slegge, hønsanetting og anna nødvendig utstyr var Jostein og Audun i gong med jobben med friskt mot. Eg er sikker på at det blir ei flott trapp eg skal gå opp når eg skal spela på julefesten i Vonheim i romjula saman med resten av bandet.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland.