Dugnadsgruppa(seniorgruppa) har igjen gjort eit svært viktig oppgraderings- og vedlikehaldsarbeid på idrettsanlegget på Heio. Denne gongen er det ute på baneanlegget dei har jobba. I fjor hugsa vi at same gruppa gjorde eit svært stort arbeid på lagshuset. Begge desse viktige vedlikehaldsarbeida er blitt mogeleg ved hjelp av rause gåver frå Sparebank1 Stiftinga Kvinnherad i tillegg til den store innsatsen til dugnadsgruppa(seniorgruppa) som allereie har gjort veldig mykje godt arbeid for bygda etter oppstarten for få år sidan.

Denne gongen har dei murt opp ein flott mur i trønderblokk i enden opp mot hovudvegen. Den erstatter ein støttevegg i impregnerte materialar som har stått der i fleire tiår, og som hadde sett sine beste dagar. Muren er ei solid oppgradering. Og om nokon skal laga seg mur i trønderblokk, kan dei først ta ein tur på Heio og sjå korleis det skal gjerast!! Gjengen kan dette og!! Det er så sirleg og nøyaktig at det er ein fryd for auga.

Før ein kom så langt at det blei støyping av såle og muring, blei det også gjort anna viktig arbeid som det var naturleg å ta i same slengen. Tidlegare har det alltid samla seg ein dam i løpebanen i den enden i fuktig ver. For å retta på dette, er det lagt ned dreneringsrøyr og ein tilhøyrande kum. Dermed skulle dette problemet vera historie. Det er Tor Ove Haugland i Haugland Maskin og Mjølk DA som har stått for dette arbeidet med god hjelp av traktorførar Pål Ingmar Haugland.

Arbeidet er starta. Tor Ove Haugland står for gravinga medan Pål Ingmar Haugland tar høgder.
Pål Ingmar Haugland sytte for bortkjøring av overskotsmassar.
Ingen tilfeldigheter!! Her held det ikkje med gode augnamål!
Mursteinen er kommen på plass.
Her går det unna! Gode menn i arbeid!!
Ferdig! No er det berre den aller siste finpussen som står att.

Sparebank 1 stiftinga Kvinnherad har støtta prosjektet med 100.000 kroner.
– Dette er veldig avgjerande. Utan denne flotte gåva som sikra økonomien i prosjektet, kunne heller ikkje dugnadsgruppa gjort denne innsatsen, seier Pål Haugland, sentral i gruppa og initiativstakar då den starta opp for eit par år sidan. Kombinasjonen av gåver frå Sparebankstiftinga og dugnadsarbeid gjev særdeles mykje att!
Vanlegvis stiller opp mot 14 mann på dugnad kvar torsdag. Parallellt med arbeidet på Heio har nokre vore opptatt med andre viktige prosjekt. Reperasjon av trappa til forsamlingshuset Vonheim, ymse arbeid på Stemneplassen og pynting og fjelging av og rundt Julagrano er noko av dette.

Ein super gjeng! I samarbeid med Kvinnheradstiftinga trur eg dei kan få til det meste!!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland