Aktivitetshushet har ikkje hatt “vaktmeister” dei siste åra, og derfor har det samla seg opp mykje vedlikehaldsarbeid som må gjerast. Til no har dugnadsgruppa(seniorgruppa) vore i full aktivitet der to torsdagar, og meir blir det. Då uskedalen.no var innom sist torsdag var 6 mann i sving med ulike oppgåver der. 3 andre karar var samstundes i gong med arbeid på Stemneplassen.

Kurt Haugland, høgt under taket.

Då eg kom inn hallen, var Kurt Haugland høgt under taket i ferd med å skifta dei mange lysrøyra som ikkje verka. Lift hadde dei lånt til arbeidet i høgda av Trond Olsen. Ein torsdag tidlegare hadde dei fiksa opphenget av dei lyddempande putene under taket. Der var mykje å retta på.

Pål Haugland og Lars Myklebust var i ferd med å fiksa låsemekanismane på dørane som går frå hallen og ut til vestibylen. Der kom også Knut Steinsletten og hjelpte til. Steinar Kroka fekk bruk for sin elektriske bakgrunn der han var i gang med å sikra at det var lys i alle lysa ved naudutgangane. Bjarne Lilleås svinga både hammaren og skrutrekkaren der han dreiv med listing og festing av lukkepumpa på ei dør i garderobeanlegget. Etter å ha snakka med dei drivande karane, forstod eg at det var også anna vedlikehaldsarbeid som venta på å bli gjort.

Pål Haugland fiksar låsemekanismen på døra.
Steinar Kroka fiksa lysa ved naudutgangane.

Dugnadsgruppa har alltid felles matpause med drøs og gode historiar. Då kom også trioen frå Stemneplassen til bords. Denne torsdagen dukka Chris Fossli og Steinar Haugland frå idrettslaget opp. For å takka gjengen for den fantastiske hjelpa dei er for laget, diska dei opp med baguettar og cola. Kaffi har karane med seg sjølv.

– Dette er det minste vi kan gjera! Dei er til utruleg hjelp for idrettslaget. Berre siste månaden har dei gjort eit stort murearbeid på Heio og listing og diverse arbeid som gjenstod på utstyrshuset ved kunstgrasbanen. Tidlegare har dei gjort og veldig mykje. Vi kan ikkje unngå å nemna det store arbeidet som gjorde på garderobehuset vårt på Heio, sa dei to sentrale idrettslagsrepresentantane.

Idrettslaget baud på lunsj.

Ja, dugnadsgruppa er ein supergjeng som gjer mykje arbeid til beste for bygda. Fantastisk!!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.