Dugnadsgruppa sitt vedprojekt på fjellet resulterte i 23 sekker kløyvd og pakka ved. Det er ei gåve til ungdomslaget og lagshytta Fjelly. 5 – 10 medlemer i gruppa har nemleg dei sist torsdagane brukt tida si på Hauglandsfjellet og ved Mannsvatnet. Noko av veden var hoggen i fjor. No var det tid for kvisting, løyving og pakking i sekker. Dessutan har ein reparert vedhuset med mellom anna nye hengsler. Naustdørane er også forsterka og justerte. Nokre i dugnadsgruppa har hogge brakje og merka stien frå Klepp og fram til eksisterande tursti som går ned lia til Mannsvatnet. Uskedalen.no har før skrive om at Steinar Kroka starta stimerkinga. No er arbeidet fullført. På ein av dugnadsdagane kom gjengen opp til varmrøykt aure, fiska i Mannsvatnet og laga til av Audun Eik og Pål Haugland.

Mat og sosialt samvære i lagshytta Fjelly.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Tore Nordahl-Pedersen