
Dugnad laurdag 22. mars i Aktivitetsparken, frå kl. 09.00.
Lørdag 22. mars, kl 09:00 kjører vi i gang dugnad i Aktivitetsparken.
Det vert generelt vedlikehald, litt snikring, kosting og rydding. Vi treng folk som kan svinga hammer og sag, nokon som kan mura ein liten mur, vi treng folk som kan kosta og rydda. Vi treng også nokon som vil koka kaffi og steike vafler på kjøkkenet. Har vi nokon i bygda som kan bøta eit nett til fotball-mål ?
Parken vert nytta av nesten alle barn og unge i bygda. Vi håper at så mange som mulig kan møta, og at ein prøver å prioritere dette. Kom gjerne heile familien, ver med å ta del i dette.
Ta kontakt med meg for arbeidsoppgåver. Vi treng ikkje at alle tar med kost, spade, grafse, drill osv. Men nokon må ta med noko.
Send meg gjerne ei melding, så kan vi enklare fordela arbeidsoppgåver og beregna mat.
Mvh for Uskedalen Idrettslag,
Per Korsvold, tlf 48160803
Tekst: Per Korsvold Foto/nett: Kristian Bringedal