Dugnad der alle fekk utlevert ein kost og ei rive.
Det aula med born og vaksne på Kunstgrasbanen i ettermiddag. Mange var på dugnad med kost, rive, drill og anna verkty. På banen var det to fotballkampar. Dei minste borna fekk bruka ein mindre ballbinge. Rulleparken er alltid like populær. Mykje av arbeidet gjekk ut på å kosta og samla opp granulat og småstein på og langs banedekke. To mann var i arbeid med å laga eit vant, ein kant, for å hindra småstein å koma inn i rulleparken.
Tekst/foto/nett: Krristian Bringedal