I ein bokserie med tittelen Krigsseilere fra nord omhandlar bok 1 sjømenn frå Finnmark i handelsflåten ute og heime. Roger Albrigtsen frå Evenes i Nordland er forfattar. Bok 2: Krigsseilere frå Troms 1939 – 1945 kjem til sommaren. I den fyrste boka legg vi merke til DS NORSE KING på reise frå Swansea til Boston, lasta med kol. Skipstømmermann Han Laurits Landa ( f. 1903 ) frå Uskedalen var mannskap og omkom i torpederinga 28. og 29. desember 1942.

Bokserien om krigsseglarane frå nord vil ha med alle frå Finnmark, Troms og Nordland som segla på norske og allierte skip i krigsåra. Det gjeld handelsflåten, heimeflåten, kvalfangarflåten og i Marinen.

Dampskipet NORSE KING med Hans L. Landa som tømmermann gjekk i konvoien ON-154 frå England til Boston. Skipet var lasta med kol. NORSE KING vart torpedert fyrste gong 28. desember 1942. Mannskapet vart plukka opp av eit eskortefarty. Skipet flaut og mannskapet gjekk om bord att dagen etter. Reisa gjekk for sakte fart mot Asorene, men ny torpedering av den tyske ubåten U-435 førte til at skipet måtte gje tapt og heile mannskapet på 43 menn omkom.

Hans L. Landa var møbelsnikkar og skipstømmermann, omkom i torpederinga av NORSE KING 29. januar 1942.

Artikkelen om DS NORSE KING i krigsseglarboka frå Finnmark fortel om båtsmann Bjarne Sundfær, 30 år gamal, frå Kirkenes.

Av 349 krigsseglarar frå Finnmark omkom 52. Ein av dei, som overlevde og som også er omtalt i boka, er Greger Ragnvald Gregersen, f. 1910, frå Måsøy. Med familien sin budde han mange år i Omvikdalen, den siste tida på Husnestunet. Dotter hans, Tordis Lunde, skreiv bok om far sin, Livslang kamp – en krigsseiler forteller.

Bok 2 ( Troms ) vil syna om det er skip frå krigsåra der nokon av ei 9 krigsseglarane frå Uskedalen kan ha vore mannskap.

Godager sitt skip DS NORSE KING var 8800 DWT, bygd i 1920.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivbilete