Dønhaug Gardsbarnehage i Uskedalen skårar best på foreldreundersøking i Kvinnherad. Av maks 5 poeng kjem dei ut med heile 4,9 på tilfredshet. Uskedal Barnehage skårar 4,5 på same kategori. Det er det same som snittet for Kvinnherad og for heile landet. Det er Utdanningsdirektoratet som legg fram desse resultata. Undersøkinga gjeld for 2020.

Dønhaug Gardsbarnehage har skåra høgt på den same undersøkinga tidlegare. Den gode trenden held fram. Undersøkinga syner at det er best resultat på områda: Trivselen til barnet, utviklinga til barnet og henting og levering.

Uskedal barnehage skårar til dømes betre enn Dønhaug på relasjon mellom barn og vaksne, heile 4,8. Barnehagen har også same høge resultat på relasjonar, trivsel og henting/levering.

Det vil alltid vera usikre faktorar knytta opp til slike undersøkingar. Resultata fortel likevel noko om status og forbetringspotensiale.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal