Dobbelside i Hardangerfjordmagasinet om uskedalen.no.
Hardangerfjordmagasinet er inne i sin 16. årgang. Utgjevar er Prinfo Media med Sigurd Vikøren som ansvarleg redaktør. Opplaget er 50 000 eks. og magasinet vert distribuert til husstandane i 12 kommunar i Sunnhordland og Hardanger. I tillegg kjem turistkontor, snøggbåtar, båthamner, bensinstasjonar og overnattingsstader. Uskedalen er representert med ei dobbelside om uskedalen.no som kan syna til over 20 000 saker frå oppstarten i 2006 og fram til i dag.
I artikkelen kjem det fram at uskedalen.no er ei ikkje kommersiell nettside og vert driven på frivillig basis. Inntekta er faste sponsorar som betaler fast annonseplass. Ola Matti Mathisen ( døydde 2021 ) var redaktør i tidsperioden 2006 – 2016. Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal har ført arbeidet vidare fram til i dag. Hans Ordin Østebø står for teknisk drift.
Nettsida uskedalen.no er fornya med ny design og nye muligheter. Fornyinga er gjort i samarbeid med Vestlandskraft ved Magnhild Haugland. Uskedalen.no kan syna til om lag 1000 lesarar i døgeret, og det frå heile verda. Ei dobbelside i Hardangerfjordmagasinet har stor profileringsverdi. SELSTAD, SpareBank 1 SR – Bank og SPAR Uskedalen har støtta presentasjonen i magasinet.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Prinfo Media/ skjermbilete frå magasinet