I veka fram til påske har diktskriving vore ein av fleire aktivitetar på Uskedal skule. 5. 6. og 7. klasse har hatt diktverkstad over to dagar. Mona Vetrhus sender nokre dikt av tilsaman 40. Ho er imponert av elevane og dikta deira. Elevane er opne for tilbakemeldingar og jobbar godt med å få dikta fram. I denne fyrste bolken tek vi med nokre av dikta. Seinare i påskeveka kjem fleire dikt. Bilete syner to av diktskrivarane, Live og Madel. 

Dikt om påske 2023:  

Det luktar møk, eg trur det er påske.

Eg hugsar då vi var mindre og budde i minihuset.

– Kom deg ut! ropte pappa.

Vi sprang inn på kjøkkenet.  

Pappa sa at haren hadde kome inn vindauga og han måtte jaga han ut.  

Og der stod pappa med to store påskeegg.  

Madel, 6. klasse, Uskedalen skule 

Vi har ein ekta påskehare på hytta. 

Han er grå og kvit. 

Forrige påskejakt blei vi skuffa då vi såg pappa sine fotspor i snøen. 

Pappa seier kvar gong at påskeeggjakta skal vere kjempevanskeleg. 

Det er eigentleg kjempeenkelt. 

Men påskeharen finns, eg har sett han. 

Live, 5. klasse, Uskedalen skule 

Tekst/foto: Elevar Uskedal skule
Nett: Kristian Bringedal