I samband med arrangementet Skårhaug opp, kontakta arrangørnemnda Arne Torget om det var mogeleg å laga eit lite dikt til løpet. Diktet vart laga men vart dessverre ikkje lese av mottakar før etter løpet.

Det vart eit fint dikt som godt kan nyttast ved framtidige Skårhaug opp løp. Men Uskedalen.no har gleda av å presentere diktet her:

SKÅRHAUG OPP

Det er torsdag me spring i samla tropp
Kom og ta med din raske kropp
Om formen er slapp eller topp
Alle kan springa Skårhaug opp!

Per Korsvold er speaker med liv og lyst
På Sandakaien er vi klare til dyst.
Det er ledige plassar, kom og kjøp
Til noregs lågaste motbakkeløp!

Kom og vis at du er heil ved
Ta gjerne kåno og naboen med!
Alle er hjarteleg velkomne her
Det er i Uskedalen det skjer!

2024 Arne Toreget

Tekst/Nett: Hans Ordin Østebø