Digital skulegudsteneste spelt inn i Uskedal kyrkje.
Det vart ikkje tradisjonell skulegudsteneste denne jula. Kyrkja heiv seg rundt og laga ei digital skulegudsteneste for alle skulane i Kvinnherad, spelt inn i Uskedalen. Sokneprest Kjetill Kringebotten er liturg. Marit Linekleiv er organist. Eit uventa innslag er mannen som dukkar opp i kjeladress og munnbind med spørsmål til presten med relasjon til juleeavangeliet. Jan Ove Fagerheim på kyrkjekontoret er ansvarleg for innspelinga og regien. Sjå lenkje under.
Skulegudstenesta finn de ved å klikka HER.
Tekst: Kristian Bringedal Nett: Thor Inge Døssland Arkivfoto