
Detaljplan for Eikeelva Kraftverk ute på høyring.
21. april skreiv uskedalen.no om Hywer AS sine planar for Eikeelva Kraftverk. Byggefristen er alt 11. juni. NVE sender planen på høyring til Kvinnherad kommune, Fylkeskommunen og Mattilsynet og bed om uttale innan 25. mai. Så langt uskedalen.no kjenner til føreligg det enno ikkje godkjend avtale med Uskedal Vassverk. Hans Reidar Kjærland, styreleiar i Vassverket, stadfestar dette. Det er ein føresetnad for å kunna gå vidare med planane. Det er dialog med utbyggjar, men tida er knapp om ein skal halda seg til tidsfristane.
Innlegg i Grenda skildrar planprosessen. Dammen i elva ligg i nedre kant av Flåtene, i ein sving i elva. Det vart gjort for å unngå inngrep i Svidhaugen. Vatnet vert ført i røyrgate på Fetsida fram til kraftstasjonen om lag 100 meter frå elvemunningen. Samla produksjon er 5,3 GWh. Til samanlikning kan vi ta med at Tverrelva Kraftverk, opna 2017, har ein normal produksjon på 19 GWh årleg.
Historikken i Eikeelva er at Clemens Elvekaraft AS fekk konsesjon frå NVE i 2014. I 2021 vart konsesjonen overført til Hywer AS, som no har levert inn ein detaljplan for kraftverket.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto