For to år sidan hadde Uskedalen.no eit innlegg om daud kril på Rødsvågen på Rød. Store mengder kril låg i stranda og ein turgåar tok bilete av fenomenet. Den gongen var årsaka ukjend og det vart spurd om det kunne ha noko med lusemiddel frå oppdrettsanlegga å gjera. Forsking syner at det neppe er tilfelle.Truleg er årsaka naturlege fenomen, ikkje menneskeskapte.

Havforskingsinstituttet har gjennomført eit omfattand arbeid for å finna årsaka. Berre 3 av heile 79 massedødtilfelle av kril kan ha si årsak i avslusing av oppdrettsanlegg. Elles kan ein ikkje sei noko om kvifor store stimar av daud kril dukka opp i stranda. Forskinga er omfattande og omfattar funnstaden, straumar, avstanden til det næraste oppdrettsanlegg, utslepp frå skip, badebehandling og evt. avslusing.

Forskarane er usikre, men syner til at stranda kril går tilbake til tidleg på 1900 talet. Ein sette fenomenet i samanheng med lysforhold, havstraumar, pålandsvind eller jagande rovdyr. Store mengde kril i sjøen kan også vera ei årsak.

Forskinga held fram og ein vil finna meir ut av kvifor kril daudar og strandar i fjæra på denne måten.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Artikkel i Grenda 4. febr. 2021
Foto: Arkivfoto