Den årlege friluftsgudstenesta på Skorpo samla mykje folk. Dåpsbarnet var Håkon Bielert Johansen, som vart boren til dåpen i dåpskjolen som har vore nytta to gonger før på Skorpo, både då Nils Rainer og Nikolai Strûter Vågen vart døypte i si tid. Dåpskjolen er sydd av Åse Skorpen. Foreldra til Håkon er Melanie og Anders Bielert Johansen. Bestemor til Anders er Margit Lindeflaten. Anders har feriert på Skorpo i alle år. I fjor kjøpte dei småbruk i Langevåg på nordsida. Familien er no busett i Asker.

Med syskenparet Annbjørg og Ole Kristoffer Vågen som vertsskap er det alltid like gildt å få koma til gards i Vågen på Skorpo. Ole Kristoffer er skysskar. Annbjørg eg klokkar og står for all mat og servering. Uskedal sokneråd hjelper til.

Ole Krisoffer Vågen er skysskar. Presten Carsten Mrusek sit på trekkspelkassen. Våre faste gjester frå Tyskland er på plass.

Sokneprest Carsten Mrusek fekk bruka morsmålet sitt i dag. Det vart gjort fordi nokre av gjestene i dåpsfylgje kom frå Tyskland. Bøn ved døypefonten og teksten Livet i dåpen vart lesne både på norsk og på tysk. Det var noko usikkert med veret i dag. Likevel var det god tilstrøyming av folk, særleg av feriegjester i hytter og hus. Faste gjester på gudstenesta er ekteparet Hannuschka frå Dortmund som har feriert i Uskedalen sidan 1980 talet.

Dåpsforeldra Melanie og Anders med dåpsbarnet Håkon.




Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og gode kaker.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Møyfrid Kristoffersen/ Eli Roseth Eik