![](https://uskedalen.no/content/uploads/2021/07/Dap-pa-Skorpo-960x715.jpg)
Det tredje dåpsbarnet i den same dåpskjolen på Skorpo.
Den årlege friluftsgudstenesta på Skorpo samla mykje folk. Dåpsbarnet var Håkon Bielert Johansen, som vart boren til dåpen i dåpskjolen som har vore nytta to gonger før på Skorpo, både då Nils Rainer og Nikolai Strûter Vågen vart døypte i si tid. Dåpskjolen er sydd av Åse Skorpen. Foreldra til Håkon er Melanie og Anders Bielert Johansen. Bestemor til Anders er Margit Lindeflaten. Anders har feriert på Skorpo i alle år. I fjor kjøpte dei småbruk i Langevåg på nordsida. Familien er no busett i Asker.
Med syskenparet Annbjørg og Ole Kristoffer Vågen som vertsskap er det alltid like gildt å få koma til gards i Vågen på Skorpo. Ole Kristoffer er skysskar. Annbjørg eg klokkar og står for all mat og servering. Uskedal sokneråd hjelper til.
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2021/07/Skyssen.jpg)
Sokneprest Carsten Mrusek fekk bruka morsmålet sitt i dag. Det vart gjort fordi nokre av gjestene i dåpsfylgje kom frå Tyskland. Bøn ved døypefonten og teksten Livet i dåpen vart lesne både på norsk og på tysk. Det var noko usikkert med veret i dag. Likevel var det god tilstrøyming av folk, særleg av feriegjester i hytter og hus. Faste gjester på gudstenesta er ekteparet Hannuschka frå Dortmund som har feriert i Uskedalen sidan 1980 talet.
![](https://uskedalen.no/content/uploads/2021/07/Dapsfamilien.jpg)
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og gode kaker.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Møyfrid Kristoffersen/ Eli Roseth Eik