Haugland Kraft tok til med oppgradering av 66 kV linja frå Matre til Uskedalen i 2017 Arbeidet var ferdigstillt på vårparten 2018. Fyrst i denne veka vert det rydda og køyrt bort gamalt utstyr som ligg i sekker og kassar. Nokre av dei Uskedalen.no har hatt kontakt med, spør korleis det kan ha seg at eit stort og seriøst kraftselskap som Haugland Kraft ikkje har gode rutinar på opprydding. Etter purring vert oppryddinga iverksett frå i dag, måndag 4. januar. Det tok lang tid, men no er fem menn med i oppryddinga.

Alt 27. august 2017 skreiv Uskedalen.no om opprustning av 66 kV linja frå Opstveit i Matre til Sekundærstasjonen i Uskedalen. Det var eit stort og omfattande arbeid med montering av nye stolpar, traversar og isolatorar. Arbeidet vart gjort i same perioden som Sekundæren vart renovert med mellom anna ny transformator.

I linjetraseen har det sidan arbeidet vart avslutta mellom anna vore lagra utstyr som stolpar, stolpeutstyr, sekker, stropper, blokker og kanner. Plastsekker går i oppløysing og med uheldig avrenning til naturen rundt.

Noko av utstyret ligg i plastsekker, som med tida går i oppløysing

Magne Gunnar Bratland i Haugaland Kraft skriv ein ærleg og god e-post og melder at dette er ein glipp. Slik skal det ikkje vera. Han lovar å rydda opp alt i denne veka. Haugaland Kraft ynskjer ikkje å stå fram slik det kjem fram i denne saka.

Stolpane er stroppa, men ikkje henta ut før i denne veka.

Depoet ved Vonheim er rydda og skal brukast vidare alt i april månad. Utstyret, som stod ved Fjellandsbøvatnet, er alt fjerna.

Dei som bur på Musland, er godt nøgde med svaret og at det vart iverksett rydding i denne veka.

Depoet ved Vonheim er rydda og noko av utstyret skal brukast vidare på nye prosjekt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
 Foto: Møyfrid Kristoffersen/ Kristian Bringedal