Det skjer mykje positivt på Stemneplassen.
Aktivt og godt styre i Uskedal Friluftslag.
Årsmeldinga fortalde om god aktivitet då Uskedal Friluftslag hadde årsmøte på Stemneplassen mandag kveld. Møtet var på møterommet som er svært mykje brukt av ulike lag etter oppussinga. Frammøtet var bra sjølv om nokre av medlemslaga glimra med sitt fråvær også i år, og dei frammøtte gav styret ros for det gode arbeidet som har blitt gjort dei siste åra. Det har skjedd ei betydeleg oppgradering både ute og inne, men det stoppar ikkje med dette. Styret la og fram planar for gode prosjekt dei næraste åra. Bildet over viser styret og varafolk.
Styret hadde i 2022 8 styremøte der dei drøfta 34 saker. Lokalet på stemneplassen har vore mykje i bruk. Det er 10 faste leigarar med årsleige, og i tillegg kjem alt av eingongsleige. Det er mest møte og øvingar, men det har også vore brukt til andre ting som bursdagar og konfirmasjon.
Også dette året har det vore gjort mykje godt dugnadsarbeid. Arkivrommet er ferdig og i bruk. På toalettromma er luftinga betra, og ved inngangen er det bygt leveggar. Inne er det komme nye gardiner og nytt kjøleskap.
På dugnad har det også vore vedhogst som har resultert i to innbringande vedlotteri. Det har også vore dugnadsjobb ved flytting på Eikelandet Brygge. Saman med den årvisse sommarkonserten med musikklaget der det i år også var friluftsaktivitetar og auksjon av ei ørn utskoren av trekunstnaren Kjell Musland, har dette no resultert i at økonomien i laget er trygg og bra. Tidlegare år ballanserte den i beste fall så vidt over minusgrensa.
Av utearbeid nemner vi at spireahekken er fjerna, og det har vore gjort både grøfte- og kumarbeid på dugnad. Det har og blitt gjort nødvendig og foreløpig reperasjonsarbeid på vegen opp til Stemneplassen. Del 2 av turstiprosjektet er venta å bli ferdig i nær framtid.
Det er utarbeidd ein plan for nødvendig arbeid på anlegget dei næraste åra. Dette året står utbetring, asfaltering og sikring av vegen opp til plassen på planen. Finansieringa er forløpig ikkje på plass, men styret søkjer om midlar til prosjektet. Sjølv om noko kan gjerast dugnad, må det brukast leigd hjelp til dette. Dette er det heilt nødvendig å få gjort!
Styret tenkjer også på lengre sikt gjennom skisseprosjektet: “Korleis ser vi for oss Stemneplassen sitt uteområde om 10 år?”
Før valget bestemte årsmøtet at ein skulle tilbake til styre på 5 personar slik vedtektene seier, etter at dei siste året hadde ei midlertidig ordning med 6 i styret.
Valget gav dette utfallet:
Leiar: Kristian Bringedal
Styret:
Ove Myhre, eit år til.
Jofrid Eik, to år.
Åse M. Neset, to år.
Audun Eik, eit år.
Vara:
Tormod Myklebust
Steinar Kroka
Einar Gjertsen
Revisorar: Hans Reidar Kjærland og Ståle Eik
Valnemnd: Knut Steinsletten og Vivik Rimestad
Leigesatsane for møtelokalet blei justert litt:
Frivillige lag: 400,-kr pr. dag/kveld,
Næring: 500,-kr pr. dag/kveld
Fast leige næring: 400,-kr pr.gong
Årsleige, frivillige lag: 2000,-kr
Leige av bord, stolar, PA-anlegg: 300,-kr
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland