Til no har det ikkje vore noko felles arkiv i Uskedalen. Mykje lokahistorisk stoff, både lagshistorisk stoff og anna, har blitt lagra rundt på bygda, ofte i private heimar. No skal bygda få eit samla arkiv for historisk bygdestoff noko som dei fleste laga er glade for til liks med personar med interesse for lokalhistoria. Med eit felles arkiv er dette verdfulle stoffet mykje betre sikra for ettertida. Det er naturleg å få på plass dette no, for det fell tett saman med arbeidet i den kulturhistoriske gruppa som Kristian Bringedal har teke initiativet til. Arkivet blir plassert på Stemneplassen der det blir plassert i eige rom. Arbeidet med å gjera klart dette rommet starta så smått i dag.

Ei dør bak døra til høgre skal tettast og flyttast slik at den går rett inn i arkivrommet.

Arkivrommet blir i bakkant av det nyoppussa møterommet i enden mot Eidsvik. Det er eit stort og tenleg rom, men det krevst ein god del arbeid for å gjera det klart. Det må både isolerast og kledast både i tak, vegger og golv. I tilleggmå ei dør flyttast. I dag var prosjektleiar Audun Eik på plass saman med Tor Ove Haugland. Med betongsag skar Haugland ut opning der døra heretter skal vera.

Audun Eik fortel at dei skal bruka ei dør som er der frå før, og at opninga der den har vore til no skal tettast igjen. Eik fortel at jobben stort sett vil bli gjort på dugnad. Han fortel også om at dei har fleire planar framover. Det går m.a. på ferdigstilling av møterommet og bygging av ei reiskapsbod under scenekanten fram mot amfiet på den delen som vender mot bedehuset. I tillegg er dei i startgropa med turstiprosjekt opp mot Skårhaug.

Vedlikehaldsarbeid er det og. Medan Tor Ove saga i betong, nytta Audun tida til å arbeida litt vidare med å leggja ny rekke på rekkverket på nedsida av bygget.

Audun Eik arbeidde vidare med å leggja ny rekke på rekkverket.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland