Skjortefodno er eit synleg merke i landskapet i Eikedalen, på vinters- og vårtid og ei tid ut på sommaren. Det kalde veret dei siste vekene gjer at Skjortefodno har vore dryge, slik dei gamle sa, men no minkar fodno dag for dag. Enno er det nokre meter att før, det som er halsen, er kutta av. På folkemunne vert Skjortefodno også skalla Skjortebryste. Nokre ser mannen i Manen. Kva ser du ?

Den mest kjende fonna i Uskedalen er Snøgåsi i Ulvanoso. I Søren Feet sin Uskedalssong les vi: Sjå Englafjell, du, kor vent det står og Ulvenåsi med Snøgåsi på. Fennene lenger sør i Uskedalen har også lokale namn. I Limomen i Englafjell ligg det også fonn til langt ut på sommaren.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal