Kvart år i jola ligg det ei gild jolehelsing i postboksen i Beinavikjo. Avsendar er Jorunn og Roald Toskedal frå Pileteigen på Lyngstrand. Jolehefte 2021 med målgruppe slekt, vener og kjenningar har eit opplag på 50 eks. og er truleg det mest lokale jolehefte vi kjenner til. På heile 32 sider finn vi joleforteljingar, vitsar, eventyr, lokale joleminne, segner, konkurransar, dikt og mange flotte illustrasjonar. Ofte finn vi dikt eller omsetjingar av Olaf A. Gausvik. I 2021 er det diktet Indiansk jolesong, ei omsetjing av ein jolesong av ein jesuittprest.





Ein collage av eldre julehefte for born og vaksne.


Dei fyrste norske jolehefta kom ut i Drammen i 1817. Mange år seinare, 1845, kom det fyrste jolehefte for born med tittelen Julegave for barnlige sind. Gullalderen for jolehefta var i tida etter 1900 talet. Mest kjend er Jul i
Norge og det nynorske hefte Joletre. I åra før og etter krigen kom dei fyrste reine teikneseriejolehefta, Knoll og Tott, Smørbukk og Vangsgutane. Av regionale jolehefter må vi ta med: Jol i Sogn, Hardangerjol og Jol i Hallingdal. Kyrkja i Sunnhordland prosti framleis med Fra fjord og fære.

Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør skårar høgt på kvalitet og lay out.


Herborg Kråkevik har skapt ein ny trend med sine hefte Juleroser, både for born og for vaksne. Opplaget er på 100 000 eks. Pondus er det julehefte som sel mest med heile 170 000 eks. Med dette som bakgrunn er det artig å ta med at Jolehefte frå Pileteigen har eit opplag på 50 eks.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal