Det lovar godt for bygdadagen LivOGLyst komande laurdag ved Aktivitetshuset og Kunstgrasbane. Her finn du ein oversikt over deltakarane:

  • Atle Fredheim – pussing av sølv  
  • Skulemusikken – prøvespeling av instrument  
  • LivOGLyst – natursti 
  • Aktivitetshuset – ope styrkerom  
  • Spar – konkurranse, smaksprøve 
  • Br. Hjønnevåg – har med eigen disk, smaksprøvar  
  • Idrettslaget – ulike aktivitetar 
  • Helselaget – verving av medlemmer, utdeling av informasjon  
  • Soknerådet – stand, maskoten til barnekoret, teiknestasjon  
  • Ungdomslaget/ Fjelly – bålpanna, sal av lappar, kaffi, saft 
  • Selstad – viser notbøting, informasjonsskjerm  
  • Friluftslaget – biletpresentasjon, vedlotteri, auksjon på stol og skål laga av Gunnar Haugland 
  • Historielaget – førehandssal av komande bok i serien “Den nære fortida” til redusert pris. Prosjektet om utvandringa frå Uskedalen til Amerika. Salg av bok nr.1 som kom ut i fjor. 
  • Musland maskin – har med køyretøy  

Melding til dei som er påmelde om at det finst bord og stolar i aktivitetshuset som kan nyttast. Om det ikkje er meldt frå om anna, tek ein utgangspunkt i at de har med dykk det de treng av utstyr til standen.  

På fredag mellom kl. 18-19 og frå kl. 09.45 på laurdagen vert det mogleg å rigga seg til. 

Program for dagen: 

11-14: Bygdadag.  

11:30: Musikantar spelar  

12:00: Opning av pumptrack 

Vi ser fram til ein kjekk dag!  

Tekst/foto: Prosjektgruppa
Nett: Kristian Bringedal