
Det hastar ! Skriv til Kvinnherad kommunen om brannstasjon i Uskedalen. Hagetunet er ikkje omtalt i rapporten.
I samband med sak for PTM, Formannskapet og Kommunestyret (hhv 10.6. – 12.6. og 19.6.25) med innstilling frå kommunedirektøren om nedlegging av brannstasjonar i Kvinnherad, så har eg spørsmål som vi treng å få avklara.
Hagetunet ligg sentralt i Uskedalen. Det er ei bygning, med 10 kommunale leiligheitar over to etasjer. Bygningskomplekset har tilsette som har oppfølging med bebuarane i desse husværa. Dette er bebuarar med ulike behov ifht både fysisk og psykisk helse. Nokre er eg kjend med har særs store behov – inkl rullestolbrukarar. Desse vil på ingen måte kunne redde seg sjølve ved ein brann – ei heller kunne bidra til å redde seg sjølve.
På dagtid er der tre-fire tilsette ved Hagetunet. På natt er der kun ei nattevakt tilstade for dei hjelpetrengande menneska i desse 10 husværa.
Tett på Hagetunet ligg der også fleire bygningar, der det bur både eldre og yngre hjelpetrengande personar. Nokre av desse får oppfølging frå personalet ved Hagetunet. Og i tillegg så ligg skule- og barnehagebygninga i bygda, tett opp til Hagetunet. Det treng avklarast korleis Hagetunet kjem inn under Brann- og rednings-forskriften paragraf 22. Om utrykninga til dette bustadkomplekset kjem inn under 10 minutts-kravet (inkl forspenningstida på 7 minutt). Eller om det er nok at der kjem brannmannskap frå Rosendal, som i beste fall kan klare å halde kravet i same paragraf – om 20 minutt (inkl forspenningstid på 7-8 minutt, som Rosendal treng).
Ein brann i Hagetunet eller nære bygningar vil kunne bli ein katastrofe ved brann nattestid – som er den tida vi veit at brannar oftast oppstår, om brannfolka ikkje straks kjem til staden. Vedlagt følgjer utskrift som u.t. meiner tydeleg dokumentere at Hagetunet kjem inn under 10-minutts kravet for utrykningstid. Men slik eg forstår det, utifrå uttale frå brannsjefen i PTM-møte 10.6.25, og det at Hagetunet ikkje i det heile er nemnt i rapporten “Dokumentasjon av brann- og redningsteneste Kvinnherad kommune 2024”, så meine administrasjonen at Hagetunet og menneska der ikkje fyller dette kravet.
Eg bed difor om svar på følgjande spørsmål:
- Kven tilsette har gjort ovannemnde vurdering.
2. Kva etat/teneste/fag tilhøyre dei.
3. Kva konkrete kriteri har dei lagt til grunn for å seie at Hagetunet ikkje kjem inn under det reduserte kravet (10 minutts-kravet).
4. Kva lovverk har dei knytt desse kriteria til.
Utifrå dei alvorlege forholda desse vurderingane vedkjem, så reknar eg med at dei er gjort i eit skriftleg dokument. Eg ber om å få tilsendt kopi av dette dokumentet. I tillegg så reknar eg med at der er utarbeidd ein plan for nattevakta for evakuering av dei ti bebuarane i Hagetunet ved brann. Eg ber også om å få tilsendt kopi av denne planen.
Dette er ei sak som det hastar med å få opplyst, så eg ber om svar på spørsmåla snarast
Vennleg helsing Møyfrid Kristoffersen Tlf 90606517
Merknad frå redaksjonen: Til vanleg legg vi ikkje ut lesarinnlegg på uskedalen.no. I ei sak som dette, som samlar heile bygda, gjer vi eit unnatak. Difor: Meiningar og ytringar i saka om brannstasjon i Uskedalen, vert lagt ut førtløpande. Redaksjonen vil ha tilsendt ferdig skrivne manus.
Tekst: Møyfrid Kristoffersen Nett: Kristian Bringedal