Det går slag i slag med julekonsertar. Varaldsøy i går. Åkra i kveld.
Den som likar julekonsertar, har mange tilbod for tida. Røysterett for Alle saman med Husnes Blandakor er i Åkra i kveld. Kvartetten ÆRE og pianistane Andre Eide og Eva Megyesi gjesta Varaldsøy med eigen julekonsert i går kveld. Frammøte i den største kyrkja i Kvinnherad var over all forventning. Av eit folketal på 170 fastbuande møtte 70 fram til julekonsert.

Kvartetten med Svein Rimestad ( bass), Kristian Bringedal (tenor), Eva Megyesi (alt) og Aslaug Hellesøy (sopran) framførte kjende julesongar, mellom anna Sæle jolekveld, En stjerne skinner i natt, Midt i hårdest vinter og Det lyser i stille grender. Mange merka seg framføringa av The little road to Betlehem, omsett til nynorsk av Svein Rimestad og arrangert av Pawel Cabala. Det same må ein sei om Coventry Carol, melodi frå 1591.

Pianisten Andre Eide framførte kjende tonar, mellom anna av Bach og Scubert. Eide kjem frå Halsnøy, bur på Stord og har dei siste åra vore organist på Tysnes. Frå nyttår er han tilsett i 100 % stilling i Kvinnherad.
Pianistane avslutta konserten med ei artig framføring der dei saman spelte Tre nøtter til Askepott som ein pianistleik. Eva og Andre spelte det kjende stykke vekselvis med kvar sin melodi. Mange har ikkje opplevd dette før.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Einar Musland/Gunnlaug Eik