I mange år har det vore eit Webkamera som har synt oversiktsbilete av sentrum, særleg camping, båthamner, elvosen og deler av sentrum. Det har vore eit nyttig hjelpemiddel for til ei kvar tid vera oppdatert og ha ein oversikt over hytter, vogner, båtar og andre installasjonar. Kamera var montert på huset til Knut A. Myklebust. Han var eigar og driftsoperatør. No vil ein finna ei løysing med spleis. Kamera vil framleis vera montert på same plassen.

Bilete syner modellen som truleg vert vald for Webkamera i Uskedalen.

Kamera har vore ute av drift store deler av 2020. No kan det gå mot ei løysing med nytt og meir moderne kamera. Mange brukarar på Rabben Feriesenter, Øyro Marina og i Uskedal Båtlag sin hamn vil vera med på spleis. Det same gjeld SPAR og deira kai med bensinutsal. Uskedal utvikling vil vera ein pådrivar og ha eit samordna ansvar.

Kamera vil ha ein kostnad rundt kr. 8.000,- + moms. Då er det mogeleg å leggja opp til full HD streaming, sjølv om det krev noko meir arbeid. Kamera har 3 Mplix stillbilete, optisk zoom, slik at formatet kan justerast. Motivet vil vera som før, om lag slik bilete under syner.

Det er om lag dette motivet som vert synt, også ved overgang til nytt Webkamera.
 
Tekst/nett: Kristian Bringedal 
Foto: Knut A. Myklebust/ Marit Hjønnevåg