Ikkje alle kjøper poteter på SPAR eller hos Korsvik på Potetbilen. På Eik hos Bjørgulv Eik set dei poteter til eige bruk. Med eit areal på om lag eit halvt mål kan dei forsyna fire familiar. Etter klargjering av åkeren med pløying, møking og horving er det å finna fram og montera potetsetjaren på traktoren. Bilete syner Eirik og Audun i arbeid på potetsetjaren.

Det var eit stort framseg i landbruket då ein kunne setja poteter med traktor. Før den tid var det bruk av hest, hestehakke og hyppjeskjer. Hestehakka hadde eit skjer. Seinare kom hestehakka Troll med tre hyppjeskjer. Dermed fekk ein køyrt opp tre forar. Ein sette poteta for hand før ein brukte hyppjeskjeret til å kløyva fora og på den måten vart det lagt mold over setjepoteta.

Traktorførar er Kjelrun Eik. Ho må tilpassa farten til forholda.

Ved bruk av traktor og potetsetjar pløyer ein opp to forar om gongen. Den som set bakpå, må vera rask og nøyen med å få ei og ei potet frå kassen og ned i rett rom. Den som køyrer traktoren, må tilpassa farten slik at alt vert gjort på rett måte. På Eik låner dei potetsetjar frå Haugland.

Potetsetjaren til traktor kom tidleg på 60 talet. Potetsetjinga skulle vera gjort før 17. mai. På Eik set dei poteter av sorten Astrix og Pimpernell.

Hestehakke med eit hyppjeskjer.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat/ Norsk landbruksmuseum