Det andre programmet frå Ulvanoso, 71 gr. nord team, kjem på TVNorge i kveld kl. 20.30.
Programmet 71 gr. nord – team, del 2, frå Uskedalen kjem i kveld kl. 20.30 på TVNorge. Frå kl. 18.30 kan du sjå tidlegare program i reprise. Sist torsdag i beste sendetid fekk vi sjå kjendisane ta seg opp Geitadalen før det var klatring i veggen fram til varden og det høgste punktet på Ulvanoso. Etter overnatting under open himmel avslutta programmet med at deltakarane fekk ei nøtt å knekka med å ta seg fram ned frå fjellet i retning sør mot Dyrrindo og Bakkastølvatnet i Tveitedalen. Innspelinga i kvelda handlar mellom anna om å ta seg over Skånevikfjorden.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Skjermbilete frå sendinga torsdag 31. mars