Ein skal ikkje reisa langt før ein legg merke til bygder der det visuelle inntrykket er på topp. Sentrum frå Eikebrua til Synet har gode kvalitetar med omsyn til rydd, orden og god drift både av natur- og kulturlandskapet. Ikkje alt er like bra. Nokre eigedomar på eine sida av vegen på Brekktoppen dreg inntrykket ned. Dette er areal som høyrer til næringsdrift og som i alle år har vore fint haldne. I år gjekk det lang tid før kant- og plenklypparen kom fram. No er sesongen på hell og det gule graset er ikkje vakkert for auga. Når dette er sagt, så er grunneigarane flinke til å halda sine areal i topp stand. Det er godt synleg om ein køyrer på ut og ser det fine landskapet i Myro, på Stølen og på Sandabakkane. Det same gjeld for bakkane på nedre Feet. Den kommunale plenen ved Gamleskulen og Thaivogna er også fint halden. Kyrkjegarden og arealet i båthamna, campingen og langs elva gir eit godt inntrykk

Plenen ved Gamleskulen er kommunal, men vert slege av frivillige.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal