Den tidlegare lærarbustaden på Haugland ligg ute for sal. Meglar er Marita Pedersen frå EiendomsMegler 1. Huset med uthus og areale rundt ligg vakkert til mellom Fylkesvegen og Uskedalselva. Bustaden frå 1920 var kommunal lærarbustad, fyrst for familien Johan Omvik og frå 1923 for familien Andreas Haugland. Haugland fekk kjøpa eigendomen då han vart pensjonist i 1957. Den andre lærarbustaden var i sentrum, også den i privat eige.

Huset på Haugland er oppført over 3 plan, og har en praktisk planløysing:

  • Loftetasje: 3 soverom, gang, 2 kammers og kott.
  • Hovedetasje: 2 stover, bad, gang, vindfang, og kjøkken.
  • Kjelleretasje: Bod, og vaskekjellar.

Eigedomen ligg landleg til i Uskedalen. Det er kort køyreveg til skule, barnehage, båthamner, idrettsanlegg, butikk og andre sentrumsfunksjonar. I område finn du merka turvegar, både i fjellet og i nærområde. Dei storslagne fjella Ulvanåso og Englafjell ligg tett på. Hauglandsfjellet med Mannsvatnet er eit godt eigna tur- og rekreasjonsområde.

Les meir på EiendomsMegler 1.


Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: EiendomMegler 1