Den store dugnadsveka - fekk nysteikte mjølkekaker i matpausen.
I veka som var må definerast som den store dugnadsveka i Uskedalen. Det starta med måndagen då Dugnadsgruppa utanom vanleg arbeidsplan møtte fram for å måla kyrkjegardsgjerde. Alt dagen etter, tysdag, var det Soknerådet sin tur. Resultat: Gjerde er målt på langsida mot campingplassen og på nedsida mot båthamna. Om lag 700 spiler er målt. Torsdagen er den faste jobbedagen for Dugnadsgruppa. Måling av Gamleskulen er ei prioritert oppgåve. Uventa møtte Thor Inge Døssland fram og serverte nysteikte mjølkekaker i matpausen. I tillegg pågår det dugnader i private burettslag og velforeningar. På Uskedalen brygge i Beinavikjo har det vore to dagars dugnad med mange vedlikehaldsoppgåver på køyreplanen. Bilete på topp syner måling av kyrkjegardsgjerde tysdag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Thor Inge Døssland