På torsdag kan vi trygt seia at det var dugnad frå morgon til kveld i og rundt Uskedal skule. Det er ingen torsdag utan at den fantastiske dugnadsgjengen, også kalla seniorgruppa, er i sving med eitt eller fleire nyttige prosjekt. Denne torsdagen brukte dei m.a. timane sine på arbeid inne i aktivitetshuset og på utstyrshuset ved kunstgrasbanen.
Om ettermiddagen og tidleg kveld var det FAU som var i sving med vårpuss og klargjering før 17.mai. Her var godt med folk i sving med malarkost, spade, feiekost, rive, trillebår og anna passande utstyr. Kjekt var det å registrera at dei yngste via ungdommar til forelregruppa deltok med same gode humør.(Bildet over). Sjølvsagt var det også tid til god og viktig drøs innimellom arbeidsøktene!
Om kvelden inviterte så ein gjeng som kan sjå tilbake på utallige dugnadstimar for å skapa aktivitet i ei triveleg bygd, til medverknadsmøte for det nye aktivitetshuset som er under planlegging.(Kjem i seinare sak).
Det slo meg då eg var på veg til møtet kor fantastisk uteområde Uskedal skule har, med leikeapparata, kunstgrasbanen, klatreparken, treningsapparata, benker og bord til å setja seg ned å ta ein drøs. Ingenting av dette hadde blitt til utan den fantastiske dugnaden som har blitt gjort!
Og i tillegg har naturen sytt for eit nydeleg nærområde skapt for aktivitet og rekreasjon.

Monica H., Monica T., Ann Kristin og Isabell svingar kosten med liv og lyst.
Innimellom arbeidsøktene er det viktig med ein pust i bakken, og ikkje minst ein god drøs.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.