Den som ventar, må venta lenge.
For fire veker sidan kom markørane på plass på Fylkesveg 48 ved nedkøyrsla til Beinavikjo. Merking og skilting fortel at her skal det det koma asfalt i samband med utbetring av kumlok i vegen. For tre veker sidan snakka uskedalen.no med vedlikehaldsmann frå MESTA. Det var klargjering før asfalten som skulle koma same dagen eller seinast dagen etter. Tida går. Ingen ting skjer. Forbikøyrande skriv på Facebook og stiller spørsmål om kvifor det må ta så lang tid med å få ei så liten jobb gjort. Den som ventar på utbetring, må enno venta, ser det ut for.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal