Ny prost i Sunnhordland etter Svein Arne Theodorsen er Arild Steinsland. I går og i dag er han på rundtur i Kvinnherad for gjera seg kjend med tilsette på kyrkjekontoret, soknene og kommunen. Med vedtak i Bjørgvin Bispedømeråd vart Steinsland tilsett 30 september i fjor. Han har før mellom anna vore tilsett som sokneprest i Førde og Valestrand i Sveio. Han tok til i stillinga frå 1. januar 2025.

I Uskedalen møtte Arild Steinslad ( t.v. på bilete ) medlem i soknerådet. Han fekk vita meir om bygda, kyrkja, gravplassen og aktivitetane i kyrkja. Kyrkjeverje Torstein Aarthun var med på synfaringa. Prosten fekk informasjon om enøktiltak, om dei nye varmepumpene som kom på plass for nokre år sidan og elles om det byggmessige med kyrkja, likeins om kyrkjegarden, minnelunden og eigedomsgrensene.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Torstein Aarthun