Med støtte frå SpareBank 1-stifitnga Kvinnherad er det laga parkeringsplass like innanfor brua til Hauglandsheio. Tur på dalen i dag synte at plassen er teken i bruk. Ikkje alle er enno merksame på den store og romslege plassen, men det vil koma seg innan kort tid. Plassen på utsida av brua var tettpakka med bilar. No treng ein ikkje vera redd for å finna parkering. Den nye plassen, som ligg på Steinar Haugland sitt areal, har plass til meir enn 20 bilar. Det er Dugnadsgruppa som gjennom Uskedal Utvikling søkte og vart tildelt midlar. Dugnadsgruppa skal til hausten få på plass toalett.

Ikkje alle er merksame på plassen enno. Sjå skilt.
Tekst: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal
Foto/nett: Kristian Bringedal