Den islagde ballbingen er eit blinkskot - stor aktivitet.
Is i ballbingen er på alle måtar eit vellukka tiltak. Vi kan bruka omgrepet eit kulturelt og sosialt blinkskot. Ballbingen vert brukt på dag- og kveldstid. Elevar og born frå skulen og barnehagen er der på dagtid. På ettermiddagen og kvelden er mange tilbake, ofte saman med foreldra.
Så må vi ta med at islegging med godt resultat tek tid. Frå andre bygder registrerer vi også, som i Uskedalen, at eldsjeler legg ned mykje arbeid i klargjering og vedlikehald. Berre å få vatn fram utan at det frys i slangane kan vera eit problem. I Uskedalen tek ein vatn ut frå redskapsbua ved Kunstgrasbanen.
Det er meldt stabilt og kaldt ver på Yr.no mange dagar framover. Bruk ballbingen så lenge det er is. Eller ta turen til Fjellandsbø der du har meir plass.
Tekt/foto/nett: Kristian Bringedal