Onsdag i førre veke hadde 5. klasse i Uskedalen laga eit flott show for resten av skulen. Dei viste fram kul rapp, teater og dans inspirert av bøkene om Kokosbananas av forfattar Rolf Magne Golten Andersen. Kokosbananas er halvt kokosnøtt, halvt ananas og 100 prosent genial oppfinnar, og mange av elevane ved skulen diggar Kokosbananas og oppfinningane hans. Då femteklasse til slutt bukka, kom forfattaren sjølv ned frå salen og takka for ei fantastisk forestilling!

Elevinnslag for alle dei andre elevane.

Elevane, som ikkje visste at forfattaren var der, blei ståande og måpa. Golten Andersen kom køyrande heilt frå Dale for å sjå dei, og dette var stor stas! Så las forfattaren frå Kokosbananas og godteristøvsugaren, og til slutt kunne klassen invitera forfattaren på kaker og gele.

Signering av bøker, også som gåve til skulen.

Andersen ga også skulen fleire av sine eigne bøker, og alle elevane fekk kvart sitt bokmerke av Kokosbananas.

Tekst/foto: Mona Vetrhus
Nett: Kristian Bringedal